Ambulansebåt på vent

27.3.07

Til neste år står Sjøforsvaret utan sanitetsfartøy. No vurderas alternative løysningar.

EVAKUERTE SOLDATAR: Kapteinløytnant Cecilie Tveit og kapteinløytnant Atle Hansen Røsseland evakuerte 20 soldatar frå MS «Fjordkongen». Seinare opererte dei ein gris om bord i det rekvirerte ambulansefartøyet.
EVAKUERTE SOLDATAR: Kapteinløytnant Cecilie Tveit og kapteinløytnant Atle Hansen Røsseland evakuerte 20 soldatar frå MS «Fjordkongen». Seinare opererte dei ein gris om bord i det rekvirerte ambulansefartøyet.


Det er enno ikkje trekt konklusjonar gjennom utreiinga av forsvarsstudia for 2007, men sanitetssjef Jan Sommerfelt-Pettersen i Sjøforsvaret meiner ein kirurgisk kapasitet må vera tilgjengeleg for operative leiarar på sjøen.
– Som Stortinget har sagt treng me kapasitetar som har evne til sjøgåande hospitalisering og evakuering, viss Sjøforsvaret skal klare å dekke sine behov.

Må skapa forståing. På vinterøvinga i Nord-Noreg førre månad prøvde saniteten ut ambulansefartøyet MS «Fjordkongen» i ein operativ kontekst. Fartøyet kan ha med seg 30 pasientar over tre døgn og gi pasientar kirurgisk, livreddande behandling. I ettertid har sjøforsvarssaniteten, helseføretaket som deltok på øvinga og reiaren fått gode skussmål frå opera-
tive myndigheiter. Sommerfelt-Pettersen meiner ein ordning med rekvirert struktur er gått ut på dato.
– I dag går det ikkje an å rekvirere eit fartøy på seks månaders varsel, slik som det blei gjort under den kalde krigen, så det er greitt at dei førehandsrekvirerte fartøya går ut neste år. Det me treng er fleire tilgjengelige fartøy på kontrakt. Til dømes kan eit ambulansefartøy som MS «Fjordkongen», på kontrakt, klargjerast på 6-12 timar, seier han.
– Utfordringa vår er å skapa forståing hos forsvarsleiinga for dette. Til neste år vil KNM Fridtjof Nansen vera den beste sanitetsplattforma me har til sjøs, men me treng sårt fleire, meiner han. 

Vurderer løysningar.
Stabssjefen i Forsvarets sanitet, oberst Jan Henrik Syversen, seier han er kjend med at Sjøforsvaret vurderer alternative løysningar på eigehand.
– Hospitalskipa slik dei vart etablert var ein del av eit nasjonalt mobiliseringsforsvar og ikkje tilstrekkeleg tilpassa eit moderne, internasjonalt fokus. Spesielt vil ein stor medisinsk besetning som må rekrutterast sivilt, skapa store utfordringar både for Forsvaret og det sivile helsevesenet, meiner Syversen.
Forsvarets sanitet seier dei er kjend med at Forsvarsstudia 07 vurderer nytta av rekvirert fartøystruktur.
– Til sjuande og sist er det politikarane som avgjer kva kapabilitetar Forsvaret skal ha, seier stabssjefen.
Gjennom prosjektet «Fleksible modulbaserte sanitetssystem» er det konkludert at materiellet som vert framskaffa gjennom prosjektet skal kunne brukast på kjøl. Det stadfester Syversen.
– Prosjektet har anbefalt at Forsvaret har tilgang til ein plattform på kjøl, der eksisterande sanitetsmateriell kan plasserast for å mogleggjere ein sjøgåande rolle 2-kapasitet (medisinsk kapasitet som er i stand til å utføre kirurgisk, livreddande behandling, red. journ.). 

ROLLEBYTE: MS «Fjordkongen» er til dagleg passasjerfartøy. Under Forsvaret si storøving i februar hadde fartøyet rolla som ambulansebåt. Foto: MAGNE ÅHJEM.
ROLLEBYTE: MS «Fjordkongen» er til dagleg passasjerfartøy. Under Forsvaret si storøving i februar hadde fartøyet rolla som ambulansebåt. Foto: MAGNE ÅHJEM.


Evakuerte 20. Under ein demonstrasjon på Cold Response evakuerte sjøforsvarssaniteten 20 FN-soldatar. Med ein fart på 37 knop kom MS «Fjordkongen» snøgt fram til åstaden.
– Me øver dette primært som ein taktisk sanitetsplattform for Norwegian Task Group, Sjøforsvaret sin taktiske kommando, fortel øvingsleiar Atle Hansen Røsseland i Saniteten i Sjøforsvaret.    
– Eit nytt konsept frå tidlegare øvingar er at fartøyet har rolla som både evakuerings- og behandlingskapasitet. Me har fått testa fartøyet sine eigenskapar knytt til evakuering av eit stort tal sivile, føreteke kirurgisk behandling av ein gris og gjennomført ei rekke andre sanitetsøvingsmoment, seier han.
Sanitetsbesetninga på øvinga bestod av fire sivile frå reiaren som driftar fartøyet, fire spesialistar frå Haukeland universitetssykehus og ein militær besetning på 20 personar.
– Eit slikt ambulansefartøy har eit stort potensial for å kunne bidra i samband med krise- og katastrofehandtering nasjonalt eller internasjonalt. Målsetjinga med denne øvinga var å etablere eit grunnlag for å kunne utarbeide eit konsept tilpassa dagens behov, seier kommandør Jan Sommerfelt-Pettersen. 
Forsvarets sanitet seier dei ventar i spaning på rapporten frå sine kollegar i marineblått.
– Forsvaret har bruk for kapasitetar både for evakuering i sjø og på land. Forsøka som blei gjort med MS «Fjordkongen» er særs interessante. Me avventar Sjøforsvaret sin konklusjon med spaning, seier Jan Henrik Syversen.

VIDAR HOPE vh@fofo.no
Idium Portalserver 3.0idium webpublisering