![]() |
|
MITT SKIP ER LASTA MED: For eit utrent auga ser kongeskipet flott ut. Men besetninga veit at mykje arbeid står att før kongen
kjem om bord. Foto: VEGARD GRØTT
|
Kong Harald går ombord i K/S Norge måndag 25. mai. Då inspiserer han skipet og sjekkar at det er klart for sesongen.
– Mannskapet går den travleste tida i året i møte no. Alt må vera ferdig til kongen kjem ombord, seier skipssjef og kommandørkaptein Frank Bondø.
Kjøpt frå England. Kongeskipet Norge sin offisielle sesong varer frå midten av mai til slutten av september. Skipet er kongefamilien si private eige, og det vert brukt i offisielle og uoffisielle samanhengar i både inn- og utland. Det gjer tenesta spesiell og ærefull, meiner skipssjefen.
– K/S Norge var ei folkegåve til kongen, og vi i Sjøforsvaret fekk ansvaret
for å bemanna og drifteskipet. Det er eit anna type marineoppdrag som set preg på kvar enkelt om bord. Eg føler ei stor ære, seier Bondø, som har vore skipssjef i 13 år.
Under krigen. K/S Norge si historie går tilbake til andre verdskrig. Luksusyachten «Philante» blei sjøsett 17. februar 1937 ved Southampton. Nokre år seinare tenestegjorde fartøyet som eskorteskip under krigen.
– Det er mykje historie om bord, slår Bondø fast.
Sjølv om krigen hadde herja med Philante, kjøpte det norske folk lystskipet for halvanna millionar norske kroner i juli 1947. Philante stod opp at som Kongeskipet Norge.
Besøker Hordaland. – Kongen ville den gong ha eit skip slik at han og familien kunne få høve til å besøke Norge sin langstrakte kyst. Det gjer kongefamilien framleis. Kvar sommar seglar vi til eitt av landets fylke. I år er det Hordaland som står for tur, forklarar Bondø.
– Vi kjem til å besøke Tysnes, Austevoll, Fedje, Austrheim, Lindås og Radøy i midten av juni. Fylkestoktet skal halde fram i tre døgn, presiserer han.
80 prosent vernepliktige. Då Sjøforsvaret fekk ansvaret for den daglege drifta av kongeskipet i 1948, blei ein besetning på 53 mann sett om bord. Det same talet gjer seg gjeldande den dag i dag. Mesteparten av mannskapet er utskrivne meinige.
– Rundt 80 prosent av besetninga er vernepliktige. Det gjer at mykje av vårsesongen går med til oppøving og trening av nytt mannskap. Når kongen kjem og markerer starten på sesongen i mai, må alt vera drilla til fingerspissane, seier kommandørkapteinen.
Riper i lakken. Det er mykje som må gjeras fram mot sesongstart. Eit utrenta auga kastar kanskje eit imponert blikk over Kongeskipet Norge i dagens forfatning.
Skipssjefen, derimot, ser riper i lakken.
– Vinteren har herja fælt med treverket. Det ser forferdelig ut enkelte stader, meiner Bondø, som likevel ikkje let seg stresse av den grunn.
– Det blir mykje trening, terping og pussing ein månad framover. Sjølv om det blir hektisk, er eg viss om at vi kjem i mål i år òg, seier han.
Vegard Grøtt er vernepliktig journalist i Sjøforsvaret
Fakta
*n Dieselyachten «Philante» ble bygd av verftet Camper & Nicholson Ltd. ved Southampton for flykonstruktøren Thomas Octave
Murdoch Sopwith.
* Konstruktør var Charles E. Nicholson.
* Philante blei bygd i perioden 1936-37 og sjøsett 17. februar 1937.
* Skipet blei kjøpt inn til Norge i 1947 som ei folkegåve til kong Haakon VII i høve hans 75-årsdag.
* K/S Norge har heimehamn i Oslo.
* Klasse: 1A1 lystyacht, Det norske Veritas.
* Største lengd: 86,3 meter.
* Største breidde: 11,6 meter.
* Djuptgåande: 4,7 meter.
* Marsjfart: 14,0 knop.
* Rekkevidde: 6500 nautiske mil.
Kjelder: Jan Ingar Hanssen og boka «Kongeskipet Norge» av Tor Borch Sannes.



Skriv ut
Tips en venn