Maktmangel i «Urolegstan»

23.2.10

Pakistan manglar ein leiarfigur som kan samle folket.

Uroa og konfliktane i Pakistan har så lange historiske røter og er så samansette at ein skulle tru at løysinga ville vere å skilje ut somme regionar som eigne statar. Det avviser forskar Laila Bokhari ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), som held Kashmir-konflikten med India utanfor i denne artikkelen.
– Det er likevel noko som held landet saman. Pakistan skulle frå byrjinga av vere heimlandet til muslimane. Islam skulle vere limet, men motsetnadene mellom shia- og sunnimuslimar skapte problem. Derimot har India, som den store fienden – sidan Pakistan vart sjølvsendig i 1947 og Bangladesh reiv seg laus i 1971 – vore ein identitetsskapar, seier ho, og trur at Pakistan framleis har livets rett som ein stat.

Konflikt same kva. Landet, som er delt inn i fem ulike provinsar, er prega av mange konfliktlinjer med religiøse, etniske, politiske, økonomiske og sosiale motsetnader. Spesielt er stammeområda som grensar mot Afghanistan ei stor utfordring. Områda, mellom anna Waziristan, har fellesnemninga FATA (Federally Administered Tribal Areas) og er delt inn i sju distrikt, kvart av dei med klanar og underklanar.
– Her har aldri sentrale styresmakter hatt kontroll, forklarer Nupi-forskaren. Ho skal dei neste par åra vere politisk ambassadesekretær i Islamabad.
Bokhari er uroa for utviklinga i Pakistan. Ho meiner at pakistansk uro lever sitt eige liv, sjølv om noko må sjåast i samanheng med situasjonen i Afghanistan. Kon­fliktar vil alltid vere der same kven som styrer, meiner ho.

Sterkt militærvesen. Pakistan er ein føydalstat med mektige grunneigarar, industrieigarar og store familiar. Desse sit med monopol på ressursar i sine område, og det er store skilnader mellom folk. Politikarane kjem ofte frå overklassen og vert skulda for ikkje å sjå problema «på bakken».
Det militære har heile tida hatt stor innverknad og har i vekslande periodar sete med makta.
– Ironisk nok har dei mest stabile periodane vore under militærstyret, men da har det samstundes vore langt frå demokratiske tilhøve.
Når Taliban, særleg i stammeområda, får noko å seie, kjem dette mellom anna av at desse ofte kjem inn og viser handlekraft der styres­maktene sviktar.
– Taliban, som er sunnimuslimar, kan bruke både pisk og gulrot  for å få folk på si side.  Dei har som mål først og fremst å ta makta i lokalsamfunna,  forklarer Bokhari.

Treng sterk leiar. Taliban får oftast skulda for terroren. Bokhari trur nokre av aksjonane er for store og altfor godt planlagde og meiner at dei må ha kontakt med tradisjonelle politiske grupper. Taliban er samsundes ei «sekkenemning» på opprørarar og kriminelle.
Eit dilemma for Pakistan er at ei anti-amerikansk stemning har sett seg i folket. Samstundes har styres­maktene vore avhengige av amerikansk og vestleg støtte, både økonomisk og i kamp mot terror.
Ho er klar over at mange synest Pakistan no er i ferd med å kollapse. Det er ho ikkje samd i, men landet må få orden på dei berande samfunnsinstitusjonane.
– Ein må gå til åtak mot korrupsjonen, for ein del landområde må eierskap og bruksrett vurderast på nytt, og ein må leggje tilhøva til rette så investorar vågar å satse, forklarer ho.

JAHN RØNNE jr@fofo.no

 

Pakistan

■ Folketal: 176 242 950
■ Storleik: 796 095 km²
■ Styringsform: Republikk
■ Partane: Styresmaktene, representerte ved president Asif Ali Zardari og statsminister Yousaf Raza Gilani. Politiske grupperingar: Pakistan People's Party (PPP), mohajirpartiet Mutahidda Qaumi Movement (MQM), Pakistan Muslim League Quaid-i-Azam (PML-Q), Baluch Republican Army (BRA) - og talibangrupper.
■ Bakgrunn og utvikling:
1947: Landet vert sjølvstendig
1958: Militærdiktatur
1971: Austleg Pakistan skilt ut som eigen stat: Bangladesh. Zulfikar Ali Bhutto ikkje-militær president i Pakistan.
1977: Parlamentsval. Bhutto vart skulda for korrupsjon og drap (avretta i 79). General Muhammad Zia ul-Haq greip makta - gjekk inn for islami­fisering og sharia-reglar.
1979: Sovjets innmarsj i Afghani­stan, påverkar ut­viklinga i Pakistan.
1988: Zia omkom. Benazir Bhutto tilbake etter eksil og vert statsoverhovud. Ein troika med president, statsminister og hærsjef deler i praksis makta
1999: General Pervez Musharraf tar makta gjennom militærkupp. Både India og Pakistan gjennomfører atomprøvesprengingar.
2001: Politisk kursendring av general Musharraf for å støtte USA i kamp mot terror.
2007: Spontan, folkeleg ­protestbølgje i mars fordi høgsterettsjustitiarius vert avsett. Benazir Bhutto, som var i eksil, returnerer - men vert drepen i desember.
2009: Regjeringshæren gjekk til åtak i Swat-regionen i mai og Sør-Waziristan i juni for å få kontroll.
 

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering