Meir enn sydenliv

02.4.08

I den voksande turistmagneten Bulgaria finns meir enn Sunny beach og billege drikkevarer – til dømes Sofia.

LOPPEMARKNADEN: Her skulle det vera noko for ein kvar smak – midt i sentrum ac Sofia.
LOPPEMARKNADEN: Her skulle det vera noko for ein kvar smak – midt i sentrum ac Sofia.

Ein må heilt vest i republikken for å finna hovudstaden til EU- og Nato-ferskingane frå Bulgaria. Ved foten av Vitosjafjellet har dryge 1,2 millionar Sofia-innbyggjarar gått inn i vinterferiemodus. Somme har alt sett kurs for Svartehavskysten på austsida, medan andre har henta fram ski og stavar. Drosjesjåfør Michael Denov (55) merker godt at trafikken er aukande inn mot millionbyen.

Blir dyrare. Denov og familien hans flytta frå landsbygda til hovudstaden då han var sju år. Etter å ha levd halve livet i okkupasjon av Sovjetunionen, set han pris på det første året som EU-medlem. Prisstigninga som følgjer med er han ikkje like entusiastisk over.
– Me merkar det godt på lommeboka. Utanlandske turistar kjem ofte her fordi det er billeg, men prisane har faktisk stige godt dei siste åra, spesielt bustadar og bensin, seier han.

Levande by.
Sofia viser seg ikkje fram i sin aller beste drakt ei tilfeldig veke i mars. Fleire av bygningane kunne nok tenkje seg betre vedlikehald, og laushundane er blitt for mange i talet. Men ein treng ikkje leite så lenge heller for å finna eit levande bybilete. Eit livlig venelag spelar sjakk på fortauet, gatemusikantar spelar i dur og marknadane har alt du treng og ikkje treng for ein spottpris. Tenkje seg til kor flott det kan bli her når solstrålene blir varmare og lauva blir grøne.

Gamal by. At Sofia er ein av dei eldste byane i Europa, kjem òg tydeleg fram når ein spaserer gjennom tronge einvegskøyrde gater. Og tida som alliert med Nazi-Tyskland, er godt dokumentert ved det nasjonale militærmuseet. På utsida av museet kan det sjå ut som ei slagmark, med gamalt, utrangert russisk materiell så langt augo ser. På innsida får du derimot presentert militærhistorie frå antikkens tid til i dag på engelsk. Museet er verd ein visitt.

Golf på austkysten. Michael Denov er stolt over byen sin. Vinterferien skal han ta heime, med jobbing innimellom.
– Det er mykje ein kan ta seg til, anten du vil til fjells eller spela golf på austkysten. Eg for min del har nok å gjera i trafikken her, seier han.

I SOFIA: VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN

SANKT SOFIA: I hjarta av byen står ho der på ein sokkel, 24 meter opp i lufta og passar på innbyggjarane. Det var eit kontroversielt augeblikk i januar 2001 då St. Sofia-monumenten blei reist. Altfor erotisk til å kallast sankt, meinte somme – ein heidensk monument, sa andre. Dei fleste er nok likevel samde om at det er ein god erstatning for Lenin-statuen som tidlegare ruva over byen. St. Sofia skal symbolisera ære og visdom.

Forsvarsmuseum. Militærhistoria til Bulgaria blir presentert frå bronsealder til dags dato. Spesielt interessant er første og andre verdskrigen kor bulgararane kjempa side om side med Tyskland. 44 års okkupasjon av Sovjetunionen pregar også det 94 år gamle nasjonale militærmuseet. Er ein først i Sofia lyt dette vera ein god plass å setje av eit par timar, for oss forsvarsinteresserte.

STÅ PÅ SKI? Køyr billeg, gul taxi til alpinanlegget Vitosja som ligg 10 km frå sentrum. På det høgaste punktet har du utsikt frå 2290 meter. Oppe i Vitosjafjellet finn du skiskule, utstyrsutleige, hytteutleige og restaurantar. Maten skal visstnok vera så som så, ein nistepakke kan difor vera greitt å ha med. Har du tenkt deg til sjølvaste skisenteret i Bulgaria må du sju mil utanfor Sofia til Borovets. Begge skibakkane er spesielt populære i helgene, og ein må difor rekne med noko køståing. Sjekk ut fleire fjelltoppar på www.bulgariaski.com.

Arkitektur. Sjølv om vedlikehaldet ikkje er like imponerande i alle Sofias kvartal, dukkar det opp fantastiske bygningar i bykjernen. Aleksander Nevskijkatedralen (se bilde nede til venstre) er ein av dei største ortodokse kyrkjene i verda og skal minna oss om dei 200 000 russiske soldatane som døydde i kampen om Bulgarias fridom. Kyrkja Hagia Sofia blei bygd på 500-talet, men fungerte som moské frå 1450. I dag er den flotte bygningen utstillingsplass. Boyana-kyrkja lyt du også få med deg. Den har stått på UNESCO si arveliste sidan 1979. Er du ute etter moderne arkitektur finn du det mellom anna i den bulgarske nasjonaloperaen.

NANSEN HER OG? Den norske fredsprisvinnaren dukkar opp over heile verda, så også i Sofia. Ein godt reisevand fotograf kan stadfesta at bak den kyrilliske skrifta på skiltet står det «Fridtjof Nansens gate». Underteikna veit om ein fartøybesetning i Sjøforsvaret som kunne tenka seg å ha skiltet som veggpryd i mannskapsmessa si.

Golf. Også golfturismen er voksande i Bulgaria, truleg grunna dei hyggjelege prisane i landet. Majoriteten av slike turistar kjem frå Storbritannia, men skandinavar har også fått augo opp for bulgarsk ferie dei siste par åra.

ALEKSANDER NEVSKIJKATEDRALEN
ALEKSANDER NEVSKIJKATEDRALEN

SJAKK I SENTRUM
SJAKK I SENTRUM

Marknadsplass
Marknadsplass

ST. NIKOLAI-KYRJKA
ST. NIKOLAI-KYRJKA

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering