![]() |
|
LYSNING: No ser Sjøforsvaret lyst på framtida. 750 søkarar vil ha 130 studieplassar. Arkivfoto: ARNE FLAATEN.
|
Sjøforsvarets nivådannande utdanning 2009, korta ned til «SNU 09!», er prosjektet som skal få dei marineblå ut av ein uheldig trend på personell- og kompetansesida.
– Forkortinga fortel at vi skal snu trenden innan to år, dette fordi det i 2009 vert uteksaminert det minste kullet frå Sjøkrigsskulen sidan 1960, seier kommandørkaptein Trond Syversen i Sjøforsvarets skuler.
Ein heit sivil arbeidsmarknad har kapra mange potensielle befalsskulesøkjarar frå Sjøforsvaret, medan fleire erfarne befal og matrosar har blitt freista til betre løningar og meir fleksibel arbeidstid i det sivile. Det var dette som fekk Sjøforsvarets skuler til å analysere deira eigne utdanningsinstitusjonar i fjor haust. Resultata syner at det er behov for å bli meir fleksible, meiner Syversen.
Alvorleg. – Det vil være særs alvorleg for Forsvaret om vi ikkje greier å bemanne våre fartøy og avdelingar med personell som har rett kompetanse, seier flaggkommandør Bernt Grimstvedt, sjef for Sjøforsvarets skuler.
Sjøforsvaret sette i gang ei utgreiing av befals- og krigskuleutdanninga hausten 2006.
– Vi ville utvikle ei utdanningsordning som trefte betre hos ungdomen. I denne samanheng ynskte vi spesielt å leggja til rette for at søkjarar med yrkesfagleg bakgrunn kunne velja Sjøforsvarets utdanningstilbod, seier han.
Mange søkjarar. Til trass for at utdanningstilboda kom seint på plass, har vi fått mange søkjarar. Befalsskulen for Sjøforsvaret vil bli fylt opp med elevar til hausten.
– Vi har treft veldig godt på rekrutteringssida, og har 750 søkjarar til 130 studieplassar på befalsskulenivå, seier Trond Syversen og fortsettar:
– Vi er særleg nøgd med at 19 prosent kvinner har søkt og at mange med fagbrev har gjort det same. I tillegg har vi i år teke opp mange gode søkjarar til Sjøkrigsskulen. Dette ser bra ut.
– Den nye utdanningsordninga gjer det mogleg å få fleire med relevant maritim utdanning ut frå befalsskulen for Sjøforsvaret, seier Grimstvedt. Prosjektet «SNU 09!» skal nemleg revitalisera befalsskuleutdanninga i Sjøforsvaret ved å leggje bransjeutdanninga for dei operative og tekniske linjene på Befalsskulen for Sjøforsvaret på eit høgare sertifikatnivå. Men utdanning tek tid; fyrst i 2011 kjem dei store kulla ut frå den nye utdanningsordninga.
– Gjennom auka utdanningslengd skal befalsskulen gi auka fagleg relevans til fartøysteneste, og dessutan få fleire til å velje Sjøkrigsskulen, seier Syversen.
![]() |
|
AUKA RELEVANS: Auka utdanningslengd skal gi befalsskulen auka fagleg relevans til fartøysteneste.
|
Nødvendig tiltak. Den nye utdanninga som startar opp i august skal utnytte fellesnemnarar i fag- og ingeniørutdanninga på Befalsskulen og Sjøkrigsskulen, slik at elevane kan utnytte dei same instruktørressursane, undervisnings- og forlegningsfasilitetane så langt det let seg gjera.
– Parallelt med revitaliseringa av utdanninga på befalsskulenivå er det heilt nødvendig at ein gjennomgåande befals- og sjøkrigsskuleutdanning vert gjeninnført. For sjølv om det er tatt opp mange gode søkjarar ved årets sjøkrigsskuleopptak, kan vi tenkje oss fleire søkjarar, seier Grimstvedt. For fire av linjene på Sjøkrigsskulen vart det derfor ved årets opptak mogleg å søka seg inn rett frå vidaregående skule via Befalsskulen for Sjøforsvaret. I praksis betyr dette at det er mogleg med ein gjennomgåande og uavbrutt utdanning frå vidaregående skule og heilt fram til ein bachelor i militære studier.
– Innføringa av «SNU 09!» er eit heilt nødvendig tiltak for å sikre eit tilstrekkeleg tal kompetente kvinner og menn i framtidas sjøforsvar, fortel flaggkommandøren.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
Personellstatus i Sjøforsvaret
– Sjøforsvaret manglar i dag meir enn 100 tilsette.
– Årsverksramma er lågare enn det Sjøforsvaret sjølv reknar som forsvarleg.
– Det har i dei siste årene blitt produserte færre offiserar frå befals- og sjøkrigsskulenivået enn kva Sjøforsvaret treng.
– Fellesinstitusjonar i Forsvaret har ein underdekning på Sjøforsvarsoffiserar, og det er spesielt kritisk i Forsvarets logistikkorganisasjon på teknisk side.
– Offiserar med bakgrunn frå Sjøforsvaret er svært attraktive på dagens sivile arbeidsmarknad.
– Sivile maritime fag- og høgskular underproduserer.
– Sjøforsvaret har for liten kontroll med korleis personell forflyttar seg internt i Forsvaret.
– Befalsskulen verkar ikkje kvantitativt og kvalitativt rekrutterande til fartøy eller Sjøkrigsskulen.




Skriv ut
Tips en venn